tirsdag 27. juni 2017

Eg fann eit gamalt bilde
i arkivet mitt i kveld..
Syns det er utruleg fint,
og det gjev meg gode minner,
ifrå ein fjelltur på sparket,
ein fin haustdag, for
nokre år sidan, like
ovanfor der me bur:)


Tenk å vere så heldig å
ha dette..berre ein liten halvtime
frå heimen..
Eg er utruleg 
takknemleg:)

Men eg veit..no er det sommar,
og eg skal ikkje
drøyme meir om hausten...
..og i dag 
kom sola att:)
Hurra:)

Klem:)

fredag 2. juni 2017

Plutseleg fekk eg lyst til å
lage eit innlegg att.
Det er så lenge sidan sist, at eg nesten har
gløymt korleis eg gjorde det, men
eg fekk det no til..til slutt..


Over ser du mannen min på det
enkle hyttekjøkkenet vårt, og litt
enkle detaljar ifrå hytta.


Under ser du litt ifrå stova heime, og over
den gode kaffikoppen i kvardagen..


Veggen over er på hytta. Den er laga av den
gamle kledningen i osp, og er 
superrustikk..

Under ser du ei gamal dør, som me
har brukt som bord på hytta.


Kvifor dette innlegget?
Jo, av ingen annan grunn enn at
eg elskar å tilbringe tid
på hytta..og eg likar bilder..
av stemningar, både frå der oppe
og heime..

Og eg ynskjer å vise at ein ikkje
treng allslags `ting`
for å ha det godt i livet:)
Det handlar om å vere glad i det
ein har, ikkje sant...?

Og kanskje har eg sakna
blogginga?

Sender ein klem til deg,
som kanskje kikkar 
innom:)

onsdag 31. august 2016




Rart med det..
vakre hausten  
gjev
meg nye krefter og
inspirasjon..
år etter
år..

 ..trur hausten bur i mitt
hjarte..
og i mi sjel..

tirsdag 23. februar 2016

Mine planar om bilder ifrå jula
gjekk i vasken, men her kjem eit par
likevel..eit godt stykke
inn i det nye året:)
..ikkje mange innlegg her for
tida, men eg ventar stadig i spenning
på både lyst og inspirasjon..
I dag var den her
ein augneblink:)

Ha ei fin veke alle:)

torsdag 3. desember 2015

 Me har fått eit lite
dryss med snø..julesnø..:)




tirsdag 3. november 2015

Heklemorgon..
Rart med det, denne lysta
som kjem kvar haust,
etter å hekle
stjerner..
 ..og plukke visna
blomar..


tirsdag 27. oktober 2015

Det er lov å lengte etter 
litt snø no..
..og forsiktig byrje å hekle 
på nokre stjerner att..
..sant..?

mandag 12. oktober 2015

Haustpynt..
Det er so nydeleg dette
visna graset..
..synst eg..:)


mandag 5. oktober 2015

Nydelege haustfjellet..
Og fyrste jakthelg..
Lenge sidan sist Bruno
 fekk springe fritt
i fjellet..
Ein mjuk start..
Endeleg!
Ei fryd å sjå:)


Dette er eit bilde ifrå ein
annan haust, men
eg berre elskar det!

Dette er fjella her,
ein kort tur
ifrå heime..
..her ligg det hytte og støl,
heilt på kanten av
stupet..

torsdag 1. oktober 2015

Skoddemorgon i
skogen..
Rusle litt, og plukke med
ein kvast heim att..


..små gleder..

søndag 27. september 2015


September viser sommeren den
siste ære.
Og senker geitramsen på
halv stang.
Det forgjengelige skal gå
over i uforgjengelighet.


Og tyttebærlyngen legger gaver
i offerskål.
Kvite alterduker
brettes ut,
på fjelltoppene.
Og alle trær legger ned krans
av farget løv,
som til jord skal bli.

September viser sommeren
den siste ære..

Tekst: Ola bremnes
Musikk: Lars Bremnes
Song: Kari Bremnes

Ein favorittsong
 frå plata `Soløye`

søndag 31. mai 2015


 Sundayfeeling..
Late morning..
Late coffee..


 Cold may weather this spring..


But tomorrow it`s june,
and hopefully soon
summer;)


søndag 28. desember 2014

Juledagar hjå oss..
Ei nydeleg jul, som enda 
opp kvit og fin..
Me kosar oss dagen lang..

Skulle ynskje ei slik
jul for alle.. 

Fine romjulsdagar
til deg som ser innom:)




mandag 15. desember 2014

I dag kom han..
Iallefall på besök:)
..vinteren:)



Eg knipsa litt bilder
etter gamalt..
..mange skarpe fine..
..men eg likte dette
best..
..dette uskarpe, uperfekte..
..typisk meg..:)

Ha ein god kveld:)

torsdag 27. november 2014

..snart jul



Tenk..berre ein liten månad att..

Eg håpar du har gode
førjulsdagar:)

***

torsdag 18. september 2014

..haustmodus





Haustmodus..
..eg ladar opp til mørke
koselege ruskeverdagar:)
..i eit aldeles nydeleg haustver
her vest..

..og spelar Laleh..høyr på
hennar budskap du óg..
..nydeleg..


torsdag 17. juli 2014



Skoddeheimen enno 
ein gong:)

Ha ein fiin dag der du er:)

tirsdag 15. juli 2014

På tur i skoddeheimen.


Å vera ute på tur i skodda,
og lett duskregn,
er noko av det finaste
eg veit.
Sjølvsagt på trygge plassar,
der eg er godt kjend:)


Dagar med litt dramatikk i...
som tunge skyer, før torever,
eller sol som bryt seg
igjennom den tjukke, teppelagde
himmelen:)


 I dag var det ein slik
dag, og eg kunne
nyte han 
til fulle.

Heilt åleine!

*heldige meg*
(#Iphoneonly)

søndag 22. juni 2014

Sommarsolkverv


So har sola snudd..
Denne kvelden vart "feira" 
med mannen sitt heimelaga øl, 
og heimelaga cider,
under eit ullteppe
ifrå Island:)

onsdag 11. juni 2014

..simple living



Real simple living..!!
..and some simple photos,
with my simple old
Iphone..;)))