tirsdag 14. oktober 2008

Hundeliv

Hei igjen. Tida går og ingen innlegg ifrå meg har kome...Tenkte det skulle være koseleg å blogge, men kjenner veldig på det å bli for personleg..Alle de der ute er so flinke til å fortelje så lett om ting. Kanskje eg har skrive dagbok i altfor mange år?? Vanskeleg når det skal ut på denne måten.


Ja ja. I dag er det haustleg so berre det, det er berre kulden som manglar..det er faktisk opp i 10 grader ute. Har vore på tur , som vanleg, med den vesle nye hunden som me har fått. Eller liten er han ikkje lenger. Han er blitt snart 14 veker, og veg 8-9 kg. Det er ein irsk setter, og han er nydeleg. Me fekk han for 6 veker sidan, og det har vore både moro og utfordrande. Eg, som eigentleg er kjemperedd hundar...har måtta gått nokre rundar med meg sjølv mange gonger...og at eg skulle bli hundeeigar er vel heilt utruleg..Sonen vår har ynskt seg hund i mange år, og no endeleg vart me einige om å prøve hundelivet.






1 kommentar:

I eit hus i ein dal sa...

Yess! Fann deg:)
Fint detta vel..
No må du berre forsetja!
Klems L