mandag 10. mai 2010

Loppelilla eller loppeguri...

Denne vasen fann eg på Fretex her om dagen, nydeleg farge.
Eg handlar det aller meste brukt, men tinga treng ikkje vere so veldig gamle, denne er faktisk ganske ny og frå Ikea...

To bord tett i tett. Ein god ide om ein ikkje har langt nok bord. Desse to borda er litt eldre. Det eine kjøpt på Fretex, og det andre (fremst) har eg fått hjå nokon som skulle kaste det. Har saga av alle dei fire beina for dei var rotne  nederst. Dette har eg hatt i årevis....og eg likar det like godt enno..
Her visest dei litt betre, og det gjorde visst støvet på golvet og...
Ynskjer dykk alle ei god veke:)

Ingen kommentarer: