torsdag 15. juli 2010

Miniferie

Kvart år reiser me ein liten ferietur i nærområdet med mine kjære svigerforeldre. Og i år gjekk turen til Sogn og fjordane. Me var innom Balestrand, og lunsj på Kviknes hotell, deretter Sogndal, Kaupanger og så overnatting på gamle erverdige Lindstrøms hotell i Lærdal. Det er berre så nydeleg der:) Me rusla rundt og såg på fine hagar, roser i full blomst og ikkje minst kjempekoselege gamle hus...


Neste dag fortsette me til Aurland og Flåm, med ein tur oppover fantastiske Flåmsdalen. Her sykla eg og min mann rallarvegen for maaange år sidan. Kjekt å vere tilbake, sjølv om me køyrde bil denne gongen, med to eldre som ikkje var heilt høge i hatten...Storslagent var det, og litt skummelt..både for gamal og ung..
Me avslutta turen i Flåm, og overnatta der. Ein tur innom Ægir bryggeri som produserar det mest smakfulle ølet eg har smakt på lenge gjorde avslutninga heilt perfekt!

Denne turen anbefalast! Turist i eige land er heilt topp! 

God ferie til deg og;)

Ingen kommentarer: