fredag 7. januar 2011

Meir snø


Snøen lavar ned, og det er berre so nydeleg...eg er veldig glad i vinter! Idag måtte eg drikke te til frukost....for det var tomt for kaffi. Hjalp på at eg hadde sydd meg ein fin te-varmar her tidlegare..då vart det litt betre med te...for ei kaffikjerring..he he:)
Dagens fyrste tur er unnagjort, og me (eg og Bruno) vassa i snø til knea...tungt for oss begge, men godt etterpå, som alltid:)
Idag har eg med bilde av den kjempefine puta eg fekk av mamma til jul..Denne har ho hekla med bakside av eit gamalt ullteppe me fann på hytta vår for lenge sidan. Ullteppet var fleire hol i, men for fint til å kasta. No har det fått nytt liv, og puta skal sjølvsagt opp att på hytta:) Tusen takk mamma, perfekt gjenbruk..blanding av nytt og gamalt:) 
Fin dag til alle:)

Ingen kommentarer: